|
Tusen personar hadde gjort avtale med Vår Herre i domkyrkja kl. 13, og i god tid hadde dei stillt seg i kø. Ein kø som gjek heilt ned til Dahls bokhandel. ’Stedlig’ representant ved dette høve den guddommelege Bobby McFerrin. Femten min. over tida var han i gang.

Han byrja med noko som kunne vera ei afrikansk vise som han utvikla med basslinje og perkusjonsgroove. Stemmeregisteret spenner over fire oktavar og skifte mellom fasett og vanleg song i det lågare registret skapar ein polyfon kjensle. McFerrin har innebygd harmonizer. Tempoet og presisjonen i denne vekslinga har sikkert sett grå hår i hovudet på mang ein sangpedagog, men faktum er at det blir vakker musikk av det. Det er heller ikkje så mange forunt å integrera i musikken ein klår bodskap til overivrige fotografar – ”Stop, please, stop”.
Ubetaleleg
McFerrin var i det blå hjørne og serverte ein ubetaleleg versjon av Sweet Home Chicago der han spelte på heile vokalregisteret i ein jodlesekvens. Så kom sjølvsagt Lennon/ McCartneys Blackbird der temaet, eller brotstykker av det, kjem som knock outs i ein samanhengande tekst. I låten Drive (?) demonstrert han polyfon son med å leggja mic’en ved strupehovudet.
Korrørlse
Ikkje ein konsert med Bobby McFerrin utan at publikum blir dratt med. Heldigvis høyrdes det ut som heile korrørsla i fylket hadde møtt opp. McFerrin fekk det lett. Ikkje berre engasjerer han publikum kollektivt. Fyren fekk forventingsfulle ungjenter opp til å syngja duett med han. Jamvel om eit par av jentene fekk jarnteppe der og då, så har McFerrin eit så makelaust lag med folk at han fekk dei frampå. Hadde McFerrin vore tannlekjar, hadde han fått pasientane til å gle seg til rotfylling!
Høgdepunktet kom på den tiande låten. Bak i kyrkjeskipet høyrde ein eit prøvande ”Hello”. Eldbjørg Raknes! Dei utvikla ein call-and-respons medan Eldbjørg vandra fram mot scenen. Dei utvikla eit improvisert musikalsk forløp med utgangspunkt i ei felles fonetisk fantasiverd. Nett då kunne konserten ha slutta for min del. Eg var klar for kyrkjekaffi. McFerrin heldt det gåande i ein halv time til. Ikkje keisamt eitt sekund, men det var møte med Eldbjørg Raknes som var magi.
Lakmustesten på ein god festival er om ein har nokre slike augneblink der tida står stille. Me er midt i festivalen. Moldejazz 2010 ligg godt an takka vere to vokalistar – ein frå New York og ein frå Midsund.
Tekst: Lars Mossefinn
Bilde: Vidar Ruud |