|
Bugge Wesseltofts soloprosjekt er etterkvart velprøvd. ...og det funkar kvar gong. Eit stappfullt Kulturhus blei med inn i Bugges rom.
Ein klangens meister tok grep frå første anslag og fekk publikum med inn i sitt univers. Med Stig Henriksen på lyddesign og Jan Martin Vågen på lys og video skapte Bugge ei ramme rundt dei musikalske fabuleringane som fascinerte kvar gong.
Bugge tek seg tid til å byggja opp – frå det heilt enkle, kanskje berre ein tone repitert eller ein tre-tonars ostinat, så følgjer han på med akkordar i venstre eller høgre hand. Det kan vera ein tentativ groove som blir broten. Så går Bugge i ei anna retning. Plutseleg manar han fram noko som høyrest ut som tradisjonell kinesisk musikk.
Meisterskap
I introen på tredje låten fekk eg ein augneblink eit deja vu mot Jarretts Bremen-Lausanne innspelingar. Steinwayflygelet får vist seg i alle sine fasettar. Det er her Bugge syner sitt meisterskap. Ikkje berre utnyttar Bugge flygelets rikhaldige klanglege palett, men dynamikken i spelet er minst like imponerande.
Ikkje berre lydmann Elektronikken kjem som ei naturleg forlengjing av flygelklangane. Stig Henriksen er ikkje berre lydmann i tradisjonell forstand men er ein handlangar for Bugge. Videoopplevinga blei noko amputert fordi bordet med laptop’en og tangentinstrumentet delvis skjulte skjermen, men dette er berre eit mindre ankepunkt. Eg har også ei kjensle av at scenen på Kulturhuset er minst 30 cm for høg...
Dead line er noko herk. Etter tre låtar måtte denne meldaren forlata ein konsert som garantert berre var i ferd med å bli betre. Kva overraskingar Bugge hadde opp i ermet må gudane vita, men Paul Desmonds ”Take Five” var sannsynlegvis blandt dei. Lars Mossefinn
Vidar Ruud (foto) |