|
Fire flate -
Anmeldelser
|
|
onsdag 15. juli 2009 15:25 |
|
Ingebrigt Håker Flaten har samla på salmar som bestemor hans Elise framførte og som også blei teke opp tidleg på 70-talet. Flaten inviterte Håkon Kornstad til å framføra materialet i duoformat. Omsider er stoffet å finna på plata ”Elise”.
Konserten blei ei reise i dette religiøse folkemusikk-materialet ispedd eit friimpro-stykke og Keith Jarretts ”Death And The Flower”. Konserten opna med «Ak, mon jeg staar i naade» der Kornstad introduserte låten med ein frapperande tunge- og klaffeteknikk og Flaten serverte temaet med boge.
Dei følgde opp med mollversjonen av ”Paa hinside ørken”. Same salme avslutta konserten, men då i ein durversjon. Flaten fortalde at han feilaktig hadde transkribert salmen i moll fordi teksten var så dyster. Durversjonen hadde nærast ein New Orleans-feel med ein fengande og gjennomgåande bassfigur. Salmen blei eit strålande eksempel på det Sondre Bratland kallar ”den blå gleda”.
I mellom dei to versjonane av ”Paa hinside ørken” serverte dei eit fritt improvisert stykke som overtyre til ein forførande versjon av ”Death And The Flower” der Flaten på slutten av basskoret sitt gav eit høfleg bukk til Charlie Haden. ”Dagen viger og gaar bort” blei framført med Kornstad på flutonette. Eit leikent nummer med takt- og temposkifte, og ”Skulde jeg min Gud ei prise?” introduserte Flaten med bogen før han spelte temaet på bassens øvre register. Ein av konsertens høgdepunkt. På ”For himmeriks land må man kjempe” fekk ein på ny eit eksempel på Kornstads perfekte kontroll på saksens overtonespekter.
Ekstranummer blei det sjølvsagt. Jolesalmen ”Mitt hjerte alltid vanker...” har eg aldri høyrt vakrare. Jolesalmar i juli – det blir aldri feil i hendene på dei rette personane i selskap med dei rette folka i det rette lokalet. Alt var perfekt i musékapellet 14. juni mellom 14.00 og 15.00. Om noko skulle sysla med taken på å skipa til ein jolekonsert ei heimbygda. Dette er svaret.
Lars Mossefinn
Ann Iren Ødeby (foto) |