SNADDER I VENTE Skriv ut E-post
Fire flate - Notiser
mandag 13. juli 2009 18:41

Korkje regn eller finanskrise hindrar europearane frå å strøyme i 10-tusental til North Sea Jazz Festival i Rotterdam. Og Molde-publikumet kan gle seg til å møte fleire av dei største attraksjonane.

 

The North Sea Jazz Festival is like a big jazz supermarked. Everybody is here, all your friends - and all your enemies”, proklamerer ein vital Paquito D’Rivera framfor eit begeistra publikum. Og den 83 år gamle blueslegenden BB King som tidlegare har besøkt Molde, sydar begeistra framfor bortimot 20.000 tilhøyrarar: Strofene “I’ll play until I die,” rungar ut over forsamlinga.

 

Speleglede

Den 80 år gamle Cecil Taylor som kjem til Molde, er såvisst like vital: Full av både kraft og speleglede, hamrar han laus på flygelet med stor innleving i solokonserten sin. Han sameinar som ein ungfole temperament, avantgardisme og raffinement.

Og sanneleg var det ikkje berre dei gamle legendene som viste kven som herskar. Joshua Redman Trio (Reuben Rogers, bass; Greg Hutchinson, trommer) som også er på veg til Molde, tok publikum med storm. Stilsikre og med rå humor overraska dei eit lyttande og lattermildt publikum. Med respekt leika dei med rytmar og sjangrar.

 

Kubanske sigarer

Richard Galliano, accordion, let oss segle på Seinen, og ense eimen av kubanske sigarar saman med Gonzalo Rubalcaba (p), Richard Bona (b) og Clarence Penn (tr). Med lyrisk raffinement, let dei publikum drøyme seg vekk og gløyme kvardag og sorger.

Jaudå - jazz er sunt!

 

I Rotterdam: Ole Fretheim (tekst og foto)

 

Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode

Kopirett © 2012 Fire Flate. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

improv-journalistikk! @fireflate tweeter