|
Fire flate -
Nyheter
|
|
tirsdag 14. juli 2009 14:13 |
|
Ingenting tyder på at jazz- og musikkinteressa er dalande i Nederland. Ny publikumsrekord med over 70.000 selde billettar og kunstnarleg suksess er konklusjonen etter den 34. North Sea Jazz Festival.
Melody Gardot kan puste ut etter nok ein fullsett konsert på ein av North Sea Jazz Festival sine mange scenar. Ho leika seg gjennom det vél timeslange programmet. Lun song og lyrisk pianospel vart berre brote opp av saftige replikkar og underfundige kommentarar. No er det berre å hente seg inn att og gjera seg klar til ein ny og heilt sikkert like vellukka konsert i Molde.
Hente seg inn att må nok også Jamie Cullum. For på konserten for over 15.000 menneske var det ingen kvilesteg. Alt frå første akkord var temperaturen skrudd på fullt, Jamie spratt mellom mikrofonar, tangentinstrument og flygel. Om det går an å seie at eit menneske kan ta fyr, så tente ikkje Jamie berre seg sjølv, men også alle i salen. Så Molde – de får ha brannsløkkings-apparata klar og førebu dykk på ei ekstatisk førestilling.
I Rotterdam: Ole Fretheim (tekst og foto) |