DR JAZZ Mandag Skriv ut E-post
Fire flate - Spalter
mandag 13. juli 2009 19:26

 

Endeleg tilbake i arbeid etter 2 veker på kongress om kompetanseheving, standardisering og kvalitetssikring innan internasjonal festivalmedisin. Kongressen vart i år halden i eit nonnekloster ved Gardasjøen for at deltakarane skulle få ro. Arrangør var Eur Society for Medical Diagnosis and Treatment of FestivalRelated Problems (FRP), og leiarar for kongressen var Dr Krankenstein og Dr Acula, som begge har arbeidd lenge med FRP.


Emna var stort sett dei same som kvart  år, som korleis ein etter dagens standard best behandlar festivallidingar som flakkande tunge, utlagt pung, personar som ønskjer å bli lagt i rør, personar som ikkje ønskjer å bli lagt i rør, uregelmessig jazzpuls, flimmer i hypofysen og umotivert svanesang. Her var det lite nytt å hente. Og anal hikke skal som tidlegare behandlast med rektal fingermassasje.
Men fenomenet som er best kjend under namnet  ”The Zipper-Entrapped Penis” har fått ei ny behandlingsform som ser lovande ut. Ein unngår kirurgi med den nye metoden, og dermed unngår ein å skade reiskapen i støst mogleg grad. Dette vil eg koma attende til i ei seinare spalte. Interessant var og innlegget frå Ott, Heimberger og Beuers, publisert i Am J of Gastroenterology tidlegare, med tittelen ”Intestinal Obstruction After Ingestion of a Beer-Filled Condom at the Munich Octoberfest”, hindra tarmpassasje etter inntak av kondom fylt med øl …
Som tidlegare år er det sjølsagt mogleg å få råd* om spesielle problem som ikkje er omtala i denne spalta. Lever dine spørsmål til redaksjonen, og du vil anten få svar i avisa eller direkte privat, i tråd med dei siste og beste faglege oppdateringar innan emnet.**.
* Eigenandel av viss storleik må påreknast
** Resultatet hjå den enkelte kan vera ulikt  det forventa resultatet i studier.
Dr Jazz

 

Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode

Kopirett © 2012 Fire Flate. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

improv-journalistikk! @fireflate tweeter