|
Fire flate -
Spalter
|
|
fredag 17. juli 2009 13:23 |
|
Slåttekar
Han heitte Elling Vanberg, og han var bonde og odelsgut frå Olden i Nordfjord. I tillegg var han ein diktar som i dag hadde vore 72 år om ikkje sjukdomen hadde teke han, og han døydde i 1993. I 1983 las han dikt i skuleklassen til Arve Henriksen i Stryn , og det gjorde så sterkt inntrykk på eleven at han aldri vart ferdig med diktaren som gav ut tre samlingar før han døydde, samlingar som no kjem ut på ny.
Ein gong las Vanberg inn tjue av dikta sine for NRK Sogn og Fjordane, og nokre av dei kan du høyre på det fantastiske albumet ”Ellivan”, der residerande festivalartist Arve Henriksen har laga musikk som berre han kan til den malmtunge røysta, som ikkje berre fortel korleis det var å vere bonde og slåttekar, men som var inspirert av Henry David Thoreau og boka ”Walden _ or Life in the Woods” får 1854. Han skreiv eksistensiell dikt, om store spørsmål i det små. Soga fortel at kom han på ei strofe mens han stod i åkeren, sprang han straks heim til skrivestova. Diktet Barsokereita byrjar slik:
”I Utigar vakje dar noko som hætte skoft!/ Dar kunnje regne i samfullje vekene to/ men dei plaska og slo/ ma det sjokka og slurpa/ og svakka! I sko/ for i Utigar vakje dar noko so kaltest skoft.”Å skoft er å skulke, og for ein som var gardsdreng og slåttekar i ungdomen rører diktet ved sterke kjensler, om korleis vi ”plaska og slo” og mått hesje det tunge og våte graset i ausande regn. Av og til var det omvendt, med tørkesomrar så lange at vi måtte ut midt på natta og slå graset mens det var dogg i det. Med ljå, der det ikkje var dyrka mark og slåmaskinland.
Ein gong slåttekar, alltid slåttekar. Har du lært det ein gong er det som å lære å sykle. Det er noko du kan for all tid. Eg slo med stuttorva i det verste terrenget, bonden med den større langorva der det var rom for det. I dag er det ingen som spør etter ein slåttekar lenger, men skulle du ha bruk for ein, er eg klar. Det gjeld berr å kvesse ljåen skikkeleg først.
|