FORMANN TORSDAG Skriv ut E-post
Fire flate - Spalter
fredag 17. juli 2009 13:31

Kremmarby
I mange år var eg Klassekampens utsende jazzmedarbeidar i Molde. Då var
eg både skrivande journalist, fotograf, og stod på gata eller torget og
selde avisa. Manus leverte eg hos damene på Telegrafen, som skreiv dei inn og sende dei vidare med TELEX, før telefaksens tid, så artikkelen tikka ut på ein papirrull i mottakarmaskina i redaksjonen. Damene på telegrafen gledde seg til at dagens artikkel kom, for dei likte så godt det eg skreiv. Som fotograf sende eg filmane til Oslo i jetpack med fly grytidleg om morgonen.

Dette er ikkje ei fjern, men nær fortid, og rart og tenkje på no som alt er berre eit tastetrykk unna. Ein bunke Klassekampen kom poste restante til byen, vart lagt i hotellresepsjonen min til henting for dei som skulleselje, og damene der tok vare på pengane som kom inn og la dei i safen. Det hende eg fekk tilsnakk på gata av innbyggjarar som ikkje likte at vi utnytta festivalen til å selje ei revolusjonær avis. Vi øydela festen for dei.
Det gjekk over, Klassekampen vart dessutan meir og meir omtykt som jazzavis, men eg kjem på det no som festivalen har vorte ein gigantisk marknad, og det kjem framande til byen som utnyttar at pengane sit laust.
Politiet snakkar om eit veksande ordensproblem, ulovleg gatesal, tigging og tjuveri. Slikt er ikkje bra, men kva ventar ein seg av det som har vorte ein slik gigantisk pengemaskin?
For forretningsstanden er det gloria tider, skjenkestader og andre skrur opp prisane, og dei snart hundre tusen frå distriktet som er i byen i festivaldagane legg att kanskje 150 millionar kroner denne veka. Vi unner dei alle festen i denne byen som verkeleg er ein stad å vere under festivalen. Det gjeld også for frimurarane som har samling den første måndagen i festivalveka, i det anonyme hovudkvarteret sitt like ved der eg bur.
Snart er framandelementa borte for denne gongen, men Molde er framleis ein kremmarby. Sjølv gjev eg gjerne ein slant til tiggarane. Det er så lite i den store samanhengen.
 

Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode

Kopirett © 2012 Fire Flate. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

improv-journalistikk! @fireflate tweeter