|
Straffe
I 1920 stod den 19 år gamle Finn Berstad ved straffemerket i ein kamp mellom Brann og svenske Djurgården. Dommaravgjerda var omstridd, svenskane protesterte kraftig, og presset mot Berstad auka då Djurgården-keeperen forlet målet. For Berstad var det berre å dytte ballen mellom stengene. Men som det står i den glimrande boka ”Fotball!”, som Finn Olstad og Matti Goksøyr i 2002 skreiv til hundreårsjubileet for Norsk Fotballforbund:
”Han kunne bare trille ballen inn. Men hva var den riktige handlingen, rent fotballmessig? Berstad tok fart, traff ballen rent og hardt _ og satte ballen solid til side for det tomme buret. Den unge Brannspilleren måtte ha kommet til at dette var den høfligste måten å løse det dilemmaet han ulykkeligvis var havnet i. ’Det var ikke kjækt at vinde en kamp på straffespark’ var en holdning som var levende også blant dem som i ettertid skulle kritisere Berstad.”
Søndag før jazzfestivalen vart Brann valsa over av Molde i ein praktkamp. Kva Molde hadde vore utan dei afrikanske spelarane som lagar måla, er ikkje mitt tema. Men kva er det FOTBALLMESSIGE VED FOTBALL? Kven hadde med vilje brent ein omstridd straffe i dag? Fem år seinare vart Berstad utvist, då han av same grunn sende av garde ein slapp straffe som keeperen lett kunne ta. Det som i 1920 vart godtatt som eit uttrykk for danning, var no ein trussel mot dommarstanden.
I dag er fotballen ein annan idrett, ikkje styrd av danning, men av pengar. Difor høver det å avslutte med eit sitat av Reidar Dahl, fotballpresidenten som i 1954 åtvara mot eit framlegg om økonomisk godtgjersle for spelande trenarar:
”Den dag vi faller på kne for at det skal gis erstatning i penger for at en spiller er med og trener sine kamerater, den dag da idrettsgleden, klubbånden og kameratskapet skal virke som et materielt gode i kampen om lumpne pengestykker, den dagen da idretten mister sitt idéinnhold og blir et middel i økonomisk vinning, den dagen er ikke sporten verd en sur sild.” |